Bilder (13)

Alexey Kurbanov

fra AURE

Alexey E. Kurbanov er organist, pianist og komponist. Han er i dag, sidan 2000, organist og musikklærar i Aure i Møre og Romsdal. Alex er fødd i den gamle vikinghovudstaden Holmgard (Novgorod) i Gardarike. Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar - St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, ogso frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat.

Litt mer om artist

Alex har komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader.

Sidan 1984 har han drive med konsertverksemd i fleire land, båe solo og i samarbeid med monge andre musikarar. Han herskar forskjellige tangentinstrument: orgel, piano, harmonium, cembalo, klavikord, osb. Han spelar musikk i nesten alle slags sjangrar, frå klassisk til slager- og filmmusikk.

Alex har delteke i diverse musikkprosjekt, mellom anna i musikalen "Spelmann på taket" (2001, Aure og Brekstad), og i samling av folkemusikkboka "Enno så segla ho Magnill", Nordmøre Mållag, 2002. Han er aktiv målmann og mållagsmedlem.

Han er óg medlem i St. Petersburg Union of Composers, Deutsche Richard-Wagner-Gesellschaft, TONO, Gramo, CREO (tidl. MFO), GramArt, Norsk Artistforbund, Det Norske Orgelselskap, Svenska Orgelsällskapet, EPTA Noreg, Trondheim Kammermusikalske Selskap, Griegselskapet i Oslo og FolkOrg (lokallag - Nordmøre Spelmannslag).

Alex er tildelt Kuilturprisen for Aure kommune for året 2009.

Han har spelt inn piano-CD "Vintermusikkens store perler" (2008) og dessutan medverka på Nordmøre Spelmannslag sin jubileums-CD "...og slåtten klang døyvd i moll" (2012).

Musikk(3)

  •  Alex Kurbanov
  •  Alexey Kurbanov (Organ)
  •  Alexey Kurbanov

Tags(10)

orgelpianokeyboardharpsichordcembaloharmoniumtrøorgelel-orgelel-pianoklavikord

Kart

Hjemmested:AURE