Bilder (2)

Blue Tram

fra OSLO
(0)

Blue Tram tilbyr musikk som sender publikum rett til Det ville vesten med eit stort repertoar av bluegrasscoverlåtar, klassiske countrylåtar og julelåtar når sesongen krever det, spelt på banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Bandet er det einaste Oslobaserte bandet som driver med autentisk bluegrass, framført på virtuost og energisk vis av skulerte musikarar som kan tradisjonen. Musikken er perfekt for cowboy-, western- og bygdefestar o.l.

Litt mer om artist

Blue Tram tilbyr musikk som sender publikum rett til Det ville vesten med eit stort repertoar av bluegrasscoverlåtar spelt på banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Dersom ønskeleg, har vi òg mulegheit til å dra fram nokre klassiske countrylåtar o.l., i tillegg til eit repertoar av julelåtar når sesongen krever det. Bandet er det einaste Oslobaserte bandet som driver med autentisk bluegrass, framført på virtuost og energisk vis av skulerte musikarar som har studert tradisjonen.

Blue Tram er perfekt for typ cowboyfestar, western-temafester, amerikanske temafester, hillbilly temafester, countrytemafester, “låvedansfester”, “bygdefester” og liknende, men vi begrenser oss sjølvsagt ikkje kun til det. Vi kan bidra med underholdningsinnslag, “taffel”/bakgrunnsmusikk eller dansespel. Vi tilpasser repertoaret etter dykkar ønsker.

Reint lydteknisk har vi moglegheit til å framføre heilt akustisk eller foran eit enkelt “one-mic”-oppsett, noko som gjer oss mobile og passar difor òg til mindre selskap og lokaler, så vel som større arrangement med større lydtekniske forhold med punkt-mikking. Fordelen med “one-mic” oppsettet (som vist på videoen som er vedlagt) er at rigging og lydsjekk tek mindre tid og krev mindre utstyr, samt at det vert meir show på grunn av koreografien som må til når solistene og vokalistene skal fram og tilbake frå mikrofonen.

Tags(16)

banjofelemandolingitarakkustiskbluegrasscowboywesternamerikanskoldtimetrestemtvokalraskvirtuosfolkemusikkcountry

Kart

Hjemmested:OSLO