Bilder (5)

Jarle Obrestad

fra VIGRESTAD
(0)

Jarle Obrestad er ein visesongar med røter i folkemusikk, bluegrass, rock og blues.Han opptrer med akustisk gitar og song, aleine eller saman med andre musikarar alt etter behov og ønske. I 2018 kom han ut med albumet «Snipp, Snapp, Snute» I 2020 kjem han ut med eit nytt solid og gjennomarbeida album. Albumet har fått tittelen «Jæricana» Er dette ein Jærsk variant av «americana» ? Kulturelle innslag i form av konserter eller festivalspel.

Litt mer om artist

Jarle Obrestad er født og oppvokst i ei bygd på Jæren, Obrestad, med Nordsjøen rett utanfor stoveglaset. Naturkreftene i havgapet, den opne himmelen, lyset, vinden og slettene er ein del av det som me har her, som me set pris på, og som set spor etter seg.
Foreldrene dreiv med gardsdrift men var i tillegg opptatt av musikk så alle borna på garden måtte etter tur og orden lære å spille piano. I bygda heime hadde dei et aktivt musikkliv med mellom anna visegruppa Vind i Gardhol, rockebandet Jær-roc og folkemusikkgruppa Stambordet, eit knippe av prosjekta Obrestad har vært involvert i. Ved sida av artistkarrieren arbeider han i dag som gitar- og bandlærer i kulturskulen, og driv med tilrettelagt musikkopplæring for barn og unge med ulike utfordringar.

Spotify(8)

Tags(9)

VisesongAkustiskLokalMusikkLokalTekstUniverselleTeksterJæricanaHelgeTorvundJarleObrestadVarigMusikk

Kart

Hjemmested:VIGRESTAD